Økonomi

Kommunestyret sine vedtekne prinsipp for ei sunn økonomisk drift skal leggast til grunn for utvikling og styring av kommunen sin økonomi på lang sikt. Dette er:

 a. Eit overskot i drifta på om lag 6,5 mill kr som kan nyttast til utviklingstiltak og investeringar.
 b. Ein netto gjeldsgrad av samla inntekter på maks 50-60%.
 c. Fond/reservar på 4-5% av samla driftsinntekter. Dette tilsvarar ca 11 mill kroner for Lærdal kommune.
 d. Drifta bør ikkje vere avhengig av svingande inntekter og det bør vere minst muleg risiko knytt til drifta og basisfunksjonane i kommunen.
 e. Prinsippa skal etablerast snøggast råd
 f. Omsynet til brukarar og organisasjon vert førande på innføringstakten.

Etter § 44 i kommunelova er kommunane pålagt å utarbeide ein økonomiplan som skal rullerast kvart år. Økonomiplanen dannar grunnlaget for utviklinga av dei kommunale tenestene og investeringsprogrammet i kommunen i dei komande fire åra. Planen skal vidare omfatte heile kommunen sin verksemd, den skal vere sett opp på ein oversiktleg måte og gje eit realistisk bilete av inntekter, forventa utgifter og prioriterte oppgåver. Gå inn på Handlingsplan for å opna gjeldande økonomiplan.

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS