|
torsdag 17. juni 2010 09:03 |
|
I samband med planprosessen for Detaljplan for Borgund sentrum vil arbeidsgruppa, som har ansvaret for planarbeidet, invitere til folkemøte
tysdag 22.06.10 kl. 19.00 i samfunnshuset på Borgund
Vel møtt! |
|
Pårørandekveld for psykisk utviklingshemma |
|
mandag 14. juni 2010 12:31 |
|
Vi ønskjer pårørande, slektningar, vener, og andre som står psykisk utviklingshemma i Lærdal, Aurland, Årdal, og Sogndal nær, velkomen til ei samling i Storstova på Lærdalsøyri skule onsdag 16. juni kl 18.00.
Frøydis Helland og Sissel Simonsen |
|
torsdag 10. juni 2010 08:34 |
|
Informasjon om MRSA-utbrot ved Lærdal alders- og sjukeheim
Me viser til pressemelding frå 3. juni 2010 vedk. MRSA-utbrot. Kartlegginga er nå nærast avslutta. Situasjonen er no meir oversiktleg. Det er 2 smitta bebuare som bur i same avdeling. Saneringstiltak her vart starta fredag 4. juni. Endeleg svar på om saneringa har vore effektiv vil me ha i månadsskifte juni/juli.
Sjukeheimen har beslutta å oppheva særskilde smitteverntiltak på sjukeheimen utanom den avdelinga kor sanering går føre seg.
Me må diverre framleis ha inntaksbegrensningar grunna redusert fleksibilitet på utnytting av romkapasitet. Dette vil kunne vere gjeldande fram til månadsskifte juni/juli.
Lærdal alders- og sjukeheim
Meir informasjon finst på www.fhi.no (søkeord MRSA). Ta kontakt om det er spørsmål. Kontaktperson for pårørande og bebuarar:
Tenesteleiar: Erik Eichner Tlf: 57641302 Hygienekontakt: Jorunn Dalaker Tlf: 57641311 / 90704684 Smittevernlege: Frode Myklebust Tlf: 57669500
|
|
Detaljplan for Borgund sentrum - offentleg ettersyn |
|
tirsdag 08. juni 2010 08:59 |
|
Formannskapet vedtok i møte 25.05.2010 å leggja framlegg til Detaljplan for Borgund sentrum ut til offentleg ettersyn og høyring.
|
|
Les meir …
|
|
Stenging av vatn frå Lærdalsøyri vassverk |
|
tirsdag 08. juni 2010 08:03 |
|
Grunna montering av ny brannvasspost i Kvammegården vil vassforsyninga verta stengd på delar av gamle Øyri, mellom rådhuset og båthamna onsdag 09. juni mellom klokka 10.00 og 15.00.
Vi seier oss leie for ulempene dette måtte medføra.
Teknisk drift |
|
Søkjarar til stillingar i Lærdal kommune |
|
mandag 07. juni 2010 19:05 |
|
Grunna streik i kommunal sektor, deltek ikkje arbeidstakarorganisasjonane i tilsetjingsmøter. Du som har søkt stillingar i skular og barnehagar vil difor ikkje få svar på søknaden din før etter at streiken er avslutta. |
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 5 av 49 |