|
Budsjett 2009 utlagt til offentleg ettersyn |
|
onsdag 26. november 2008 14:06 |
|
Lærdal formannskap vedtok på tysdag 25.11.08 å legge budsjettet for 2009 ut til offentleg ettersyn, fram til 11. desember. Formannskapet delte seg, slik at det ligg føre eit fleirtalsframlegg (Ap + Sp) og eit mindretalsframlegg (H + V). Skilnaden mellom dei to framlegga går m.a på kor mykje midlar dei vil nytte til drift av kommunen neste år. Fleirtalet set av kr 119,2 mill til kommunal drift, medan mindretalet vil setje av kr 115,1 mill.
Det er òg skilnad mellom fleirtal og mindretal om korleis dei vil finansiere det rekordstore investeringsbudsjettet, som har renovering av Lærdalsøyri skule (33 mill) og ny barnehagebygning (kr 10 mill) som dei største postane.
Det er kun 100.000 som skil fleirtal og mindretal når det gjeld summen av dei samla investeringane neste år. Fleirtalet har funne rom for nytt friidrettsanlegg på Lærdalsøyri, medan mindretalet vil ha 100.000 i forprosjekt for nytt Aktivitetshus og meir til bustadføremål. Den største skilnaden går på korleis investeringane vert finansiert. Fleirtalet inntektsfører 5 millionar i statstilskot til nytt barnehagebygg, medan mindretalet meiner dette treng lånefinansiering komande år.
|
|
Les meir …
|
|
Kongens fortenestmedalje i gull til Ambjørg Sælthun |
|
mandag 24. november 2008 09:09 |
|
Ambjørg Sælthun, Lærdal, vart heidra med Kongens fortenestmedalje i gull ved ei tilstelling 23. november 2008, melder Fylkesmannen i Sogn og Fjordane på sine heimesider. |
|
Fjerning av kommunale tre i sentrum |
|
fredag 21. november 2008 09:33 |
|
I milleniumsåret 2000 stod den "nye" sentrum på Øyri ferdig. I samband med dette arbeidet vart det planta mange nye tre i sentrumsgata. Meininga med trea var at dei skulle få veksa seg store og fine og med tida "erstatta" dei gamle tre som står langs gata.
|
|
Les meir …
|
|
fredag 21. november 2008 00:00 |
|
TROND GRANLUND
OLAV STEDJE
GUREN HAGEN
Laurdag 29. november 2008 kl. 19.30
Billettar kr. 300,- for alle.
Førehandssalet er i gang i servicesentralen på rådhuset. No kan du kjøpe nummererte billettar og på den måten sleppe billettkø. Dei som er tidleg ute med førehandskjøp får velje dei beste seta.
|
|
Les meir …
|
|
Full trøkk i kultursalen! |
|
torsdag 20. november 2008 09:51 |
|
Kultursalen i Lærdal var stappfull då prosjektgruppa frå Høgskulen i Sogndal ynskte velkomen til næringsseminaret i Lærdal måndag. Kanskje ikkje uventa då den dobbelte olympiameistaren i roing, Olaf Tufte, var ein av føredragshaldarane.
Les meir på Porten.no |
|
Kurs i tilrettelegging av fysisk aktivitet |
|
onsdag 19. november 2008 13:57 |
|
Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komite i samarbeid med Sogn og Fjordane idrettskrins innbyr til tverridrettsleg kurs i tilrettelegging av aktivitet for born med funksjonshemning.
Kurset vert arrangert i Sogndal torsdag 4. desember kl 17.30-21.00 og er gratis.
|
|
Les meir …
|
|
|
<< Start < Forrige 41 42 43 44 45 46 47 48 49 Neste > Siste >>
|
|
Side 48 av 49 |