Lærdal Kommune
Startside
Tenester
Om Lærdal
Næring
Administrasjon
Kyrkje
Satsar og gebyr
Linkar
Dokumenter
Kontakt oss
<<  Juni 2010  >>
 Man  Tir  Ons  Tor  Fre  Lø  Sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
282930    

Lærdalshallen

Verdsarv
Vestnorsk fjordlandskap

Jeriko
Vennskapskommunen

Sognekart

idrettsanlegg.no

kontaktoss
Kvammes, Øyragata 15, Gamle Lærdalsøyri
onsdag 07. april 2010 09:41

Tidlegare vertskap på Potter´s kafé i Kvammes på Gamle Lærdalsøyri, avslutta i haust kafédrifta i lokala. Formannskapet har vedteke å lyse desse serveringslokala ut til leige frå 1. juni 2010. Les meir 

 
Kulturkveld søndag 11. april kl. 18.00
onsdag 07. april 2010 00:00

Søndag 11. april vert det arrangert kulturkveld i den nye storstova ved Lærdalsøyri skule. Denne kvelden skal me heidra lokale kunstnarar som Johan Fjellby, Kari Bakke, Hjørdis Hjellum, Olav H. Hauge, Torvald Storås med fleire. Programmet er allsidig med både profesjonelle og lokale utøvarar: Berit Opheim Versto, Dag Skram, Lærdal kulturskule, Borgund skule, Lærdal songkor, etc.

Les meir …
 
Forvaltningsplan for hjortevilt ÅLA - høyring
tirsdag 06. april 2010 00:00

Felles landbrukskontor i Årdal, Lærdal og Aurland har utarbeidd utkast til Forvaltningsplan for hjortevilt.

Det vert presentasjon av planutkast onsdag 7. april på 19.30 i kommunestyresalen på Lærdal rådhus.

Les meir …
 
Utlysing av plenstell på kyrkjegardane
onsdag 31. mars 2010 09:08

Lærdal kyrkjestyre lyser ut plenstellarbeidet på Hauge og Tønjum kyrkjegard i perioden 1. mai til 30. september 2010. I arbeidet inngår kvistrydding og raking tidleg i mai, samt klypping og vatning. Det er høve til å nytte plentraktor, men det må takast høgde for at det skal klyppast inntil gravminne, bygg, spilegjerde og liknande på kyrkjegardane. Graset treng klyppast om lag ein gong i veka i høgaste vekstsesongen. Det vert sett ein pris på kr. 15.000 for evt å bruke kyrkja sitt utstyr, dette for utjamne i høve til verksemder som ynskjer å nytte eige utstyr. I tillegg må den som leiger utstyr sjølve dekke driftskostnadene. 
Tilbod må vere oss i hende seinast den 6. april 2010. Kyrkja i Lærdal, Pb 101, 6886 Lærdal

 
Møte i Jerikonemnda
tirsdag 30. mars 2010 09:29

I høve Jeriko by sitt 10 000-årsjubileum i 2010 inviterar Jerikonemnda medlemane i laget, og andre som har interesse, inn til møte, for å koma med innspel til og planleggja vårt bidrag i jubileet. Møtet vert på Lærdal rådhus onsdag 7. april kl. 19:00.

Jerikonemnda.

 
Ferievikarar i pleie og omsorg
tirsdag 23. mars 2010 14:51

Pleie og omsorg i Lærdal treng sommarvikarar til alle avdelingar.

Ta kontakt med Erik Eichner telefon 57641302/95881210

 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Side 8 av 49
Kontakt oss Ledige stillingar Politikk PostlisteSkjema Plansaker Aktuelle tema NAV
kulturminnearet
laerdalsmarknad

helgogkvardag

Indre Sogn Kunstsenter
val