Lærdal Kommune
Startside
Tenester
Om Lærdal
Næring
Administrasjon
Kyrkje
Satsar og gebyr
Linkar
Dokumenter
Kontakt oss
<<  Juni 2010  >>
 Man  Tir  Ons  Tor  Fre  Lø  Sø 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  910111213
14151617181920
21222324252627
282930    

Lærdalshallen

Verdsarv
Vestnorsk fjordlandskap

Jeriko
Vennskapskommunen

Sognekart

idrettsanlegg.no

kontaktoss
Utlysing av plenstell på kyrkjegardane
onsdag 31. mars 2010 09:08

Lærdal kyrkjestyre lyser ut plenstellarbeidet på Hauge og Tønjum kyrkjegard i perioden 1. mai til 30. september 2010. I arbeidet inngår kvistrydding og raking tidleg i mai, samt klypping og vatning. Det er høve til å nytte plentraktor, men det må takast høgde for at det skal klyppast inntil gravminne, bygg, spilegjerde og liknande på kyrkjegardane. Graset treng klyppast om lag ein gong i veka i høgaste vekstsesongen. Det vert sett ein pris på kr. 15.000 for evt å bruke kyrkja sitt utstyr, dette for utjamne i høve til verksemder som ynskjer å nytte eige utstyr. I tillegg må den som leiger utstyr sjølve dekke driftskostnadene. 
Tilbod må vere oss i hende seinast den 6. april 2010. Kyrkja i Lærdal, Pb 101, 6886 Lærdal

 
Møte i Jerikonemnda
tirsdag 30. mars 2010 09:29

I høve Jeriko by sitt 10 000-årsjubileum i 2010 inviterar Jerikonemnda medlemane i laget, og andre som har interesse, inn til møte, for å koma med innspel til og planleggja vårt bidrag i jubileet. Møtet vert på Lærdal rådhus onsdag 7. april kl. 19:00.

Jerikonemnda.

 
Ferievikarar i pleie og omsorg
tirsdag 23. mars 2010 14:51

Pleie og omsorg i Lærdal treng sommarvikarar til alle avdelingar.

Ta kontakt med Erik Eichner telefon 57641302/95881210

 
Budsjett 2010 og økonomiplan 2010-2013 - offentleg ettersyn
tirsdag 23. mars 2010 13:04

Lærdal formannskap sitt framlegg til budsjett 2010 samt økonomiplan 2010-2013 er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med §§ 44 45 i kommunlova.

Dokumenta er lagt ut  på følgjande stader:

  • Servicesentralen, Lærdal rådhus
  • Lærdal folkebibliotek
  • Borgund nærbutikk
  • Ljøsnabui
  • Internett: www.laerdal.kommune.no

Framlegg til budsjett 2010 og økonomiplan 2010-2013 skal behandlast av Lærdal kommunestyre 15.04.2010.

 
Ordføraren stør opprop om landbruksoppgjøret
mandag 22. mars 2010 10:01

Ordførar Arne Sanden stør oppropet frå 6 ordførarar i fjellregionen med krav til regjeringa om å styrke økonomien i landbruket. I Lærdal, som elles i landet, ser me dei store endringane innan det tradisjonelle landbruket, der spesielt husdyrproduksjonane har vore og er under sterkt press. Landbruket er framleis ei viktig næringsgrein i bygda vår og må få rammevilkår som gir rom for vidare ekstistens og utvikling. Turistbygda Lærdal treng både eigenprodusert mat og eit levande kulturlandskap.

 
Vangane Opp
mandag 22. mars 2010 09:52

Friidrettsgruppa vil saman med Barnas Turlag arrangere motbakkeløp for born og ungdom. Søndag 11.04.2010 kl 13:00. Oppmøte ved informasjonstavla ved brua ved vassverket i Ofta.
Les meir

 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Side 9 av 50
Kontakt oss Ledige stillingar Politikk PostlisteSkjema Plansaker Aktuelle tema NAV
kulturminnearet
laerdalsmarknad

helgogkvardag

Indre Sogn Kunstsenter
val