|
Earth Hour - utfordring til kommunane |
|
onsdag 17. mars 2010 10:45 |
|
Den verdensomspennande klimakampanjen "Earth Hour - Slukk lyset en time" - vert gjennomført i Noreg for andre gong 27. mars. I 2009 deltok 109 kommunar i kampanjen. Kommunal- og regionaldepartementet v/ Statsråd Liv Signe Navarsete oppmodar alle landets kommunar og deira innbyggjarar til å delta i årets kampanje å sløkke lyset ein time frå kl. 20:30 laurdag 27. mars. |
|
Bassenget ved Lærdalsøyri skule er no opna |
|
onsdag 17. mars 2010 08:23 |
|
Bassenget er igjen opna for planlagde aktivitetar.
Teknisk drift |
|
mandag 15. mars 2010 12:48 |
|
Venskap Jeriko-Lærdal og Lærdal kommune har fått invitasjon frå venskapsbyen vår, Jeriko om å ta del i feiringa av 10.000 års jubileet av 10.10.2010. Feiringa vil omfatte mange ulike aktivitetar innan turisme, idrett, kunst, litteratur og andre kulturaktivitetar. Anna Avdem og Tom Karlsrud reiser til Jeriko i slutten av april for å starte planlegginga av Lærdal si deltaking av feiringa. Det vert elles eit planleggingsmøte av vår deltaking av feiringa, i regi av venskap Jeriko-Lærdal, onsdag den 7. april kl. 19:00 på rådhuset. Alle interesserte er velkomne!
Arne Sanden, ordførar |
|
Ingrid Steine Bortne er tilsett som pedagogisk rådgjevar |
|
torsdag 11. mars 2010 14:58 |
|
Ingrid Steine Bortne er 29 år og er for tida tilsett som lærar i Stavanger. Bortne er opprinneleg frå Aurland og tek til i stillinga 1.08.2010. |
|
Lærdal ungdomsråd held ekstraordinært møte |
|
mandag 08. mars 2010 21:50 |
|
Lærdal ungdomsråd held ekstraordinært møte torsdag 11.03.2010 kl. 19:00. Møtet finn stad i kommunestyresalen i andre høgda på rådhuset, og er ope for publikum.
|
|
Les meir …
|
|
Open dag ved Lærdalsøyri skule |
|
mandag 08. mars 2010 14:56 |
|
Byggjetrinn 3 av skulerenoveringa er no sluttført. Dette ønskjer vi å markere med eit kort program, kaker, kaffi og omvisning.
Velkommen til open dag ved Lærdalsøyri skule onsdag 10. mars kl. 17.00. Programmet vert i allrommet/storstova. |
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 10 av 49 |