|
mandag 23. august 2010 08:45 |
|
Aktivitetshuset er no i full gang med sine faste aktivitetar. Me køyrer intern post, driv skulekantine, deler ut skulefrukt, sel ved og andre håndlaga produkt. Me tilbyr også catering på smørbrød og rundstykker. Ta kontakt for bestilling, eller kom innom våre lokaler i "gamle posten" like ved kyrkja.
Helsing oss på Aktivitetshuset
tlf. 5766 6145 |
|
Gratis etablerarkurs for årdøler, lærdøler og aurlendingar |
|
mandag 16. august 2010 00:00 |
|
Årdal vidaregåande skule og Årdal Utvikling inviterar til etablerarkurs, og ynskjer alle som sit med gode idear velkomne. Etablerarkurset er todelt og du vil få meir informasjon om programmet dersom du tek kontakt med Årdal Utvikling på telefonnummer 57661177.
|
|
Les meir …
|
|
God folketilvekst i Lærdal |
|
torsdag 12. august 2010 11:29 |
|
Tala frå Statistisk Sentralbyrå for utviklinga av folketalet for 1. kvartal i 2010 viser at Lærdal pr. 1. april hadde 2227 innbyggarar. Dette er ein auke på 28 personar frå årskiftet. Det har vore ei nettoinnflyting på 19 personar og det er eit fødselsoverskot på 9 personar. Lærdal har hatt den største auken i folketalet blant kommunane i Sogn dette kvartalet, berre Stryn og Førde har høgre tilvekst enn Lærdal på fylkesplan. |
|
onsdag 04. august 2010 14:16 |
|
Sparebanken Sogn og Fjordane har samla alle stipenda sine under eit begrep, med ein søknadsfrist og ei felles utdeling. Stipenda vert utdelt i oktober og søknadsfristen er 15. august 2010. Alle med tilknyting til fylket mellom 15 og 30 år kan søke.
|
|
Les meir …
|
|
Kommunal idrettsplan og spelemidlar |
|
onsdag 04. august 2010 09:19 |
|
Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet vart revidert i 2009, og skal rullerast i haust. Frist for å koma med innspel er 15. september. Frist for innsending av spelemiddelsøknadar til Lærdal kommune er 15. november.
|
|
Les meir …
|
|
Positiv nedgang i sjukefråværet i Lærdal kommune |
|
torsdag 29. juli 2010 13:56 |
|
Sjukefråværet har gått ned frå 8,5% i 2009 til 6,2% første halvår i 2010. Nedgangen utgjer 27% og er svært gledeleg. Legemeldt fråvær var i siste kvartal 2009 på 9,1% og er i første kvartal 2010 på 6,8%. Tal for legemeldt fråvær for andre kvartal er ikkje kjende enno. |
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
|
Side 2 av 50 |