Alle over 45 år som fekk 2. dose koronavaksine for 5 månadar sidan eller meir vil no få innkalling til 3. dose koronavaksine. 
Ut desember blir vaksineringa på helsesenteret på kveldstid, mens frå januar kjem vaksineringa til å skje på kulturhuset på dagtid.

Dersom ein får innkalling og allereie har fått 3 dosar eller dersom timen ikkje passar, ver venleg å gje beskjed ved å ringe til Lærdal helsesenter på tlf.  57 66 95 00