Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er framleis usikkerheit knytt til kor raskt vi får vaksinene og kan tilby vaksina til anbefalte grupper. 
 
Kommunen planlegg no gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli løpande oppdatert på kommunen si heimeside.
Vi vil seinere informere om kva grupper som anbefalast vaksinasjon og rekkefølgja mellom desse. Kommunen eller fastlegen din kontaktar deg dersom du er prioritert for tilbud om vaksinasjon. Det er ikkje naudsynt å kontakte kommunen eller fastlege for å sette seg på venteliste. 
 
Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 
 
Det nye koronaviruset gjev infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre vert alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar fra før har størst risiko for å få alvorleg sjukdom. 
I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som vert anbefalt koronavaksine. Basert på råd fra Folkehelseinstituttet har Regjeringen gitt følgjande prioritering, med dei øverste prioriterte fyrst: 

Mer informasjon om koronavaksine på Folkehelseinstituttet sine nettsider.