Generelt om motorferdsel i utmark

Motorferdsel i utmark er i utgangspunktet forbode, og regulert i Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Det kan gjevast dispensasjon til naudsynt ferdsel og eller nytteformål. 

•    Motorferdsel omfattar alle typar motordrivne framkomstmiddel.
•    Utmark er areal utanfor innmark som til døme: stølsområde, kulturbeite, skogplantefelt, og skogsvegar som ikkje er opparbeidd for bil er areal som vert rekna som utmark etter motorferdselslova. Snødekt opparbeidd veg som ikkje er brøyta, er å rekna som utmark.
•    Motorferdsel i utmark er delt inn i barmark og snødekke. Reglane for motorferdsel i utmark på snødekke er mindre strenge enn på barmark då det gir mindre varige spor i terrenget.

Nokre døme på køyring på snødekt mark som er lov i medhald i lov eller forskrift

•    Transport av material, utstyr og arbeidsfolk ved bygging i samsvar med byggeløyve. (Køyring i samband med vanleg vedlikehald gjeld ikkje her). Forskrifta §3 1.ledd d
•    Naudsynt person og godstransport i jordbruks-, skogbruks,- eller reindriftsnæring (jakt, fangst, fiske og bærplukking vert ikkje rekna som næring i denne samanheng). Verksemda må ha ei reel næringsmessig omfang og inntektsgrunnlag basert på ressursane i utmarka og knytt til formålet med køyringa. T.d. så treng dei som ynskjer snøscootertransport til stølar/hytter i utmark dispensasjon, dersom det ikkje er aktiv landbruksdrift på eigedomen det vert køyrd til/på. Lova § 4 1.ledd c
•    Naudsynt transport av ved frå eigen eigedom til fast bopel (hytta er ikkje fast bopel). Gjeld kun for faste bustadar som ikkje er knytt til køyrbar bilveg/bane. Det er kun køyring mellom bustaden og endepunktet for vegen/bana som er unnateke. Lova § 4 1.ledd c
•    Anlegg og drift av offentlege vegar og anlegg. Lova § 4 1.ledd e
•    Opparbeiding og preparering av skiløyper og skibakkar for ålmenta og for konkurransar, når det skjer i regi av kommunen, hjelpekorps, idrettslag, turlag eller turistbedrifter. Forskrifta §3 1.ledd e
•    Politi, ambulanse, redningsteneste, offentleg oppsyn m.m. Lova § 4 1.ledd a

 

Kommunane kan gje dispensasjon til motorferdsel i utmark etter skriftleg søknad. Her er nokre døme på køyring som kan få dispensasjon etter søknad:

•    Ervervsmessig transport - forskrifta §5 a
•    Transport for funksjonshemma - forskrifta §5 b
•    Transport av bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte som ikkje er tilknytt brøyta veg - forskrifta §5c
•    Transport av ved i samband med hogst - forskrifta §5e

Sjå til at søknadane er:
•    Utfyllande med formål og søknad etter rett §
•    Kart med innteikna køyrerute og/eller avmerka landingsplass for helikopter
•    Søkje i god tid før køyring/landing – «god tid» er definert i desse sakene som om lag 1 mnd
•    Opp gje tidspunkt for køyringa 
•    Det er hytteeigar som må søkje om dispensasjon etter forskrifta §5c

Sjølv om kommunen har gjeve dispensasjon til motorferdsel, innskrenkar ikkje det grunneigar og brukar sin rett til å forby eller avgrensa motorferdsel på sin eigedom, jf § 10 i lova. Grunneigar sitt samtykkje for motorferdsla må vere i orden før køyring/landing finn stad. 

Klage på kommunalt vedtak i medhald av lov og forskrift som ikkje vert imøtekomme, vert sendt til Statsforvaltaren i Vestland til endeleg avgjerd.

Søknader som gjeld motorferdsel i utmakr innanfor verneområda må handsamast etter verneforskrifta. Slike søknadar må fyrst avgjerast av Verneområdestyret for verneområde, før søknad vert handsama i kommunen.

Handheving og kontroll

Politiet, Statens naturoppsyn og Fjelloppsynet fører kontroll med at Lov om motorisert ferdsle i utmark og vassdrag og Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, vert overhalde. Alle som utøver motorisert ferdsle i utmark plikter å la seg kontrollera, og skal på staden kunne syne fram alle dokument som er påbode å ha med under køyringa.