Inger Oddrun formidla blant anna kva rolla ho har som klimakoordinator, om Grøne Lærdal sine visjonar, om FN sine berekraftsmål og om kva folk kan gjere for klima og miljø. Det var rom for spørsmål og drøftingar, og med tolk på sidelina, fekk introduksjonsdeltakarane med ulike språklege ferdigheiter moglegheit til å engasjere seg kring temaet.
Opplegget er ein del av lokalt integreringsarbeid i samarbeid med flyktningtenesta, og eit mål om å bidra til betre forståing for blant anna klimavennlege og berekraftige tiltak og globale konsekvensar av energi- og materialbruk.

Dagen vart arrangert i samarbeid med Lærdal folkebibliotek som markerte Morsmålsdagen denne veka. Dagen etter fekk deltakarane lage eit språktre der dei oversette kommunen sin visjon, Grøne Lærdal, til sitt morsmål.

 

Språktre