Oppstart av arbeid med ny idrettsplan (2013-2016)
Kommunestyret vedtok 26. januar oppstart av arbeid med ny Kommunal plan for idrett og friluftsliv.
Det vert oppretta ei arbeidsgruppe sett saman av arealplanleggjar og representantar for ungdomsrådet, råd for eldre og funksjonshemma, Lærdal Idrettslag og Lærdal Turlag. Kultur og formidling ved kulturkonsulenten har fagansvar for planarbeidet i administrasjonen, og har sekretariatsfunksjon for arbeidsgruppa. Andre frivillige lag/organisasjonar/interessegrupper og barne- og ungdomsrepresentanten vert sikra medverknad gjennom folkemøte, eigne dialogmøte, munnlege og skriftlege innspel i planperioden, og høyringsfråsegn.
Det vert informasjonsmøte om saka i Lærdal kulturhus tysdag 28. februar kl. 19.00.
Føremålet med møtet er å informere om planprosessen, og få generelle innspel til planen og prosessen som skal settast i gang. I tillegg ønskjer kommunen innspel om konkrete prosjekt ulike lag og organisasjonar har planar om å realisere neste 4-års periode og meir langsiktig (12 år).
For å kunne søkje om spelemidlar til eit anlegg må det ligge inne i den kommunale idrettsplanen. Lag, organisasjonar og privatpersonar har høve til å koma med innspel på nye idrettsanlegg eller nærmiljøanlegg, og rehabilitering av eksisterande anlegg.
Framdriftsplan for arbeidet:
|
Fase
|
Tid
|
|
Oppstartsvedtak av planarbeidet
|
Januar 2012
|
|
Informasjonsmøte med aktuelle lag og organisasjonar
|
Februar 2012
|
|
Gjennomgang av innspel frå informasjonsmøte, innsamling av grunnlagsdata, etc.
|
Mars 2012
|
|
Utarbeiding av planutkast
|
April-august 2012
|
|
1. gongs handsaming i planutvalet – vedtak om utlegging til offentleg ettersyn
|
August 2012
|
|
Handsaming av merknader, revisjon av planutkast
|
Oktober 2012
|
|
2. gongs handsaming i planutvalet – vedtak av plan
|
November 2012
|
|
Vedtak i kommunestyret
|
November/desember 2012
|