Innspel til trafikktryggingstiltak?

Trafikk

Kommunedelplan for Trafikktryggleik 2018 - 2021 vart vedteke i kommunestyret 19.09.18. Planen er gjeldande i 4 år, men handlingsdelen skal vurderast revidert kvart år.  I handlingsdelen vert tiltaka prioritert av kommunestyret, og det vert søkt om Trafikktryggingsmidlar frå fylkeskommunen for dei tiltaka som har fått høgast prioritet. Kommunen ynskjer innspel på om det bør gjerast endringar i prioriteringane, og om det bør innarbeidast andre tiltak.  Innspel til tiltak må vera grunngjeve, og innspelet bør innehalda minimum skildring av staden, trafikkmønsteret, utfordringsbilete knytt til trafikktryggleik og framlegg til tiltak.    Innspel vert å senda til Lærdal kommune: post@laerdal.kommune.no eller Lærdal kommune, postboks 83, 6886 Lærdal innan 18.11.19.  Merk gjerne innspela med "Innspel til Trafikktryggingstiltak 2020".

Handlingsdelen er å finna frå s. 16, og det er altså berre denne som no skal rullerast.
Gjeldande Kommunedelplan for trafikktryggleik 2018 - 2021 (trykk på linken)

Treng du hjelp til å levere innspel og/eller har spørsmål kring trafikktryggingstiltaka, ta kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne, tlf 90516686/ monika.lysne@laerdal.kommune.no

 

 

Tips en venn Skriv ut