Intensjonsavtale om framtidig drift av villakssenteret

Villaksenter intensjonsavtale

Å utvikla eit heilskapeleg opplevingssenter, ha ei profesjonell drift av bygget og innhaldet og å auka besøkstal, aktivitet og lokal bruk er måla i avtalen.

– For Lærdal og innbyggjarane sin del tyder dette at me vil jobba for ei langsiktig og heilskapeleg utvikling av bygget med tilhøyrande innhald , seier rådmann Alf Olsen jr. 
Det har dei siste åra vore fleire rundar med driftinga av bygget som husar kulturhus, villakssenter, lydstudio, kafé, kunstsenter og fellesareal – utan at ein har funne nokon optimal driftsmodell. I vår har tre ting skjedd som gir von om ei god utvikling av huset for framtida.
 
Midlar til «Nasjonalt villakssenter», nytt eigedomsselskap og avtalesignering
 
For det første fekk tiltaket «Nasjonalt villakssenter» tre millionar i tilskot frå Miljødirektoratet. Denne etableringa er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Namsos, Tana, Lyngdal og Lærdal, og hovudføremålet er å auka ålmenta sin kunnskap kring villaksen – ein av to artar Noreg har spesielt ansvar for; den andre er villreinen. For Lærdal sin del er dette midlar som kan styrkja den faglege biten kring Norsk villakssenter.
 
For det andre har kommunestyret i Lærdal vedteke å flytte ansvar for bygget over i eit eigedomsselskap organisert som eit AS. Selskapet skal stå for drifta og skal bidra til å utvikle tilbod og tenester.  Ein av dei største utfordringane har vore forvaltinga av sjølve bygget, og ved å flytta forvaltinga over frå kommunen til eit dedikert eigedomsselskapet legg ein til rette for ei meir fokusert forvalting.
 
For det tredje, og på den kommersielle sida, vart det i første halvdel av mai underteikna ein intensjonsavtale mellom Lærdal kommune og Flåm AS om drifting av først og fremst villakssenteret og kafèen. Flåm AS vil sjå på dei marknadsmessige vurderingane og moglegheiter for avkastning, før ein inngår ein endeleg avtale. Vidare står det i intensjonsavtalen at bygget er strategisk viktig for kommunen, og har potensiale for å leggja til rette for opplevingar, besøk og arrangement.
 
Kommunen understrekar også at det trengst høgare besøkstal på dei publikumsretta aktivitetane i bygget, og at dei difor ønskjer å trekkja inn aktørar som ser kommersielle moglegheiter og har eit langsiktig utviklingsperspektiv. 
 
Det er her Flåm AS kjem inn; om deira rolle står følgjande i intensjonsavtala: «Flåm AS har ei overordna strategisk interesse i å drive langsiktig reiselivsutvikling. Dei har uttrykt interesse for å drive og utvikle kafe og Villakssenter og bidra til utvikling av eit heilskapleg opplevingssenter (med utgangspunkt i villaksen), på lang sikt.»
 
– For villakssenteret sin del er det svært godt nytt å få inn ein aktør som Flåm AS, som på den eine sida kan marknadsføring og har både ein stor marknad og eit stort nettverk i reiselivssegmentet; på den andre sida at langsiktig reiselivsutvikling er deira overordna strategi, seier rådmann Olsen, som er svært nøgd med å få på plass ein slik utviklingsavtale og ser fram til eit godt samarbeid med Flåm AS
 
– Flåm AS ynskjer å bidra til lokal verdiskaping gjennom satsing på reiselivet. Villakssenteret i Lærdal er ei lokal satsing som vil kunna bety mykje for regionen og Lærdal kommune. Flåm AS ser fram til å samarbeida med kommunen om å sjå på utvikling av senteret og det potensiale som ligg i reiselivet i Lærdal, seier Nils Asbjørn Lie i Flåm AS.  
Tips en venn Skriv ut