Innledning
Indre Sogn Kunstsenter skal byggast som tilbygg til Lærdal kulturhus og Norsk Villakssenter. I planlegginga av nybygget såg vi raskt at det vart behov for å endre fellesfunksjonane i huset. Lærdal kommunestyre tok konsekvensen av dette, og har i sin økonomiplan for 2009-2012 lagt inn heile 16 millionar i komande 4-årsperiode for å realisere denne storsatsinga. Dei resterande 15 millionar planlegg vi å finansiere gjennom eit spleiselag med fylkeskommunen, staten og private. Vi har kome langt på veg, men treng hjelp for å nå heilt i mål.
Ferdig i 2011?

I nye Lærdal kulturhus vert det både produksjon, utøving og formidling av kunst og kultur, med barn og unge som ei prioritert målgruppe. Planane legg opp til framifrå fasilitetar for utstilling, atelier, magasin, scenekunst og lydproduksjon. I lag med naturformidlinga i Norsk Villakssenter vil dette gje unike moglegheiter for integrasjon, mangfald og tverrfagleg samarbeid. Det vil verte aktivitet i huset heile året. Kombinasjonen av kunst- og naturformidling gjev eit allsidig tilbod til heile familien, og den vil gje grunnlag for spennande undervisningsopplegg mellom anna gjennom den kulturelle skulesekken.
Nye Lærdal kulturhus
Det nye innhaldet i huset føreset ei ombygging av fellesfunksjonane butikk, kafé, sanitæranlegg, resepsjon/vestibyle. Arkitektfirma
brethdelacalle
i Berlin har synt ei stegvis ombygging
(sjå planteikninga) av desse fram mot ferdigstilling av lydstudio og kunstsenteret:
- Butikken vert lagt i kunstsentertilbygget
- Kafélokale vert i noverande butikk og delar av vestibylen
- Kjøken vert bygt i kjernen av eksisterande bygning
- Toalett og publikumsgarderobe vert i noverande kjøkenavdeling
- Meir open og luftig vestibyle
Gjennom å byggje vidare på ein eksisterande infrastruktur oppnår ein ei kostnadseffektiv utbygging, men òg moglegheitene til å byggje vidare på villakssenteret sine 20.000 gjester, samt brukarane av
kulturhuset og kafeen. Dette vil gje Indre Sogn Kunstsenter eit særs godt utgangspunkt for formidling og rasjonell drift.

1 lydstudio 2 kulturhus 3 kjøken 4 restaurant 5 vestibyle/butikk 6 informasjon 7 prosjektrom 8 mini-kino
9 utstillingsareal 10 magasin
11 gjesteatelier 12 teknisk rom 13 gårdsrom 14 norsk villakssenter
Profesjonelt lydstudio

Eit lydstudio kjem som ei naturleg forlenging av musikkmiljøet vi alt har i Indre Sogn, både på utøvar- og produksjonssida. Eit 60 m2 tilbygg er planlagt å romme lydstudio, opptaksrom og kontor direkte tilknytt kultursalen i Lærdal kulturhus. Dette vil gje ei moglegheit for opptak og produksjon av store orkester og kor, som ikkje finst utanom dei store byane. Dette vil gje viktige ringverknader og impulsar for musikk- og kulturlivet, særskilt musikkskulane i regionen.
Gåve med klausul

Hans Gjesme (1904 – 1994) gav livsverket sitt til Lærdal kommune, og kommunen har med det fått eit stort ansvar i å sikre og forvalte denne omfangsrike og eineståande kunstgåva. I avtalen har kommunen teke på seg å lagre samlinga fullt forsvarleg med omsyn til tjuverisikring, brannsikring og inneklimatiske tilhøve. Gåva skal takast hand om på ein fagleg god måte, og kunstsamlinga skal haldast heil og udelt. I tillegg skal samlinga gjerast kjent og vera tilgjengeleg for ålmenta.
Sogn og Fjordane kunstmuseum

Lærdal kommune har sidan 2003 vore med i det konsoliderte Sogn og Fjordane kunstmuseum Føremålet med stiftinga er å skape interesse for og auke kunnskapen om biletkunst og kunsthandverk i Sogn og Fjordane gjennom å drive kunstmuseal verksemd. Lærdal kommune vil framleis ha eigedomsretten til bygg og samling, og ansvaret for lagring, men med dette samarbeidet vert samlinga trygga ei fagleg handsaming.
Astrup Fearnley
Sidan 1999 har Astrup Fearnley hatt gjesteutstillingar i Gjesmegalleriet, sjølv om lokala ikkje er heilt etter deira behov. Dette nasjonalt og internasjonalt kjende kunstmuseet stør aktivt arbeidet med å realisere Indre Sogn Kunstsenter og lovar eit tett og spennande samarbeid når det nye kunstsenteret er på plass.
Arkitektkonkurransen
I 2006 vart ein open, internasjonal plan- og designkonkurransen gjennomført i tråd med NAL sine retningsliner. Deltakinga var stor, med heile 48 innsendte bidrag, 29 frå utlandet, 18 frå Noreg. Vinnarane kunngjort for kommunestyret den 14. desember 2006, samstundes med premieutdelinga. Vinnarforslaget til arkitekt Simon Breth hadde den aller beste løysinga på utfordringane med samdrift og lokalisering. Juryen uttalte vidare at:
Prosjektet krev lite ombygging av det eksisterande og gjer det maksimale ut av det ein har investert frå før. Det svarer på utfordringa med det uavklara rommet med fossefallet ved å byggje rundt det. Dette uterommet, godt synleg frå kaféen, kan bli ein god aperitiff til kunstmuséet med utandørs plasserte installasjonar. Dessutan er kunsten trygt plassert i dette uterommet sidan det er bygd heilt rundt det. Prosjektet har god flyt i utstillingsområdet. Rundgangen mellom utstillingane rundt det nye uterommet kan bli veldig flott.

Kommunen meiner juryen har gjort eit grundig og overbevisande arbeid. Det er særleg interessant å sjå korleis juryen i løpet av arbeidet endra oppfatning når det gjeld tomteval og påbygningsretning for kunstsenteret. Dei leverer ein overtydande argumentasjon, og gjer det dermed openbart at det er vinnarframlegget som har løyst konkurranseoppgåva, som nok ikkje var så enkel som fleire kanskje har trudd. For kommunen er det viktig at konkurransen har funne den beste innvendige løysinga og det beste utgangspunktet for god sambruk, samstundes som ein har merka seg at juryen har funne fram til det konkurransebidraget som faktisk også inneber den rimelegast utbygginga, og er av dei framlegga som krev minst ombygging av eksisterande bygning.
Finansiering
| Brutto
investeringar med heile denne utbygginga blir: |
|
| |
| Indre Sogn Kunstsenter: | 20 millionar |
| Lydstudio: | 2,5 millionar |
| Ombygging
fellesfunksjonar: | 8,5 millionar |
| |
| Brutto
investeringar i nye Lærdal kulturhus: | 31
millionar |
Så langt er over 2/3 av budsjettet på plass.
| Revidert
plan for
finansiering | Budsjett ISKS/
nye Lærdal kulturhus | Løyvd,
eller budsjettert, per dato |
| | |
| Lærdal kommune | 16 000 000 | 16 000 000 |
| Sogn og Fjordane
fylkeskommune | 6 000 000 | 4 000 000 |
| Staten - Norsk kulturråd | 6
000 000 | 1 000
000 |
| | |
| Private og andre | 3 000 000 | |
- Astrup Fearnley -
Lærdal Energi - Indre Sogn Sparebank | | 850 000 500 000 200
000 |
| | |
| Summert | 31 000 000 | 22 550 000 |
Kontakt oss

Prosjektleiar for finansiering av ISKS er Astrid Myran Aarvik
Lærdal kommune
Øyraplassen 7
6887 Lærdal
Postadresse:
Pb. 83
6886 Lærdal
Telefon: 57 64 12 45
Telefaks: 57 64 12 01
E-post:
astrid.myran.aarvik(at)laerdal.kommune.no
Nettløsning levert av:
Simon Breth