Julehelsing frå ordførar Jan Geir Solheim

Ordførar Jan Geir Solheim
Ordførar Jan Geir Solheim

 

Tusen takk for at eg får vere ordførar i fantastiske Lærdal!

Når eg skriver dette er det vetle julafta og alle har nok med å gjere siste innspurt før julehelga.

Eg har fått vore med på mange førjulsarrangementer i bygda vår, og hatt mange flotte opplevingar.
Me har eit rikt kulturliv. Skulane, kulturskulen, kyrkja, koret, musikklaget med fleire som er flinke til å gje oss gode opplevingar også i førjulstida.

Eg vil i år spesielt nemna ungdommane våre som står bak prosjektet som utløyste bulystmidlar frå kommunaldepartementet. Dei står på og er fulle av energi, pågangsmot og kreativitet.
Det står stor respekt av det dere har fått til så langt, og eg gler meg til fortsettelsen.

Dei er rett og slett kjempegode!

Eg ser at me har dyktige folk på jobb for Lærdal kommune som yter god service og står på for at alle skal ha det godt. Det gjer meg stolt!

Jula gjer noko med forventningane til store og små og me har alle eit ansvar for at ingen gruer seg til julehøgtida. Eg håper at me saman gjer julefeiringa fin for kvarandre.

Husk at sola har snudd og vi går mot lysare tider, det gjer noko med humøret.

Ei riktig god og fredleg julehelg og eit godt nyttår ønskes alle innbyggere i Lærdal kommune.

 

Helsing

Jan Geir Solheim
ordførar

 

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS