Kaare Mjeldes legat

Styret for Kaare Mjeldes legat er samansett at Per Åke Evjestad, Øyvind Hamre og Inger Bakken.

Formålet med legatet er å gi stønad til samfunnsnyttige og humanitære lag og organisasjonar i Lærdal kommune.
Tildelinga skjer ein gong for året med søknadsfrist 1. november.

Styret i Kaare Mjeldes legat har for siste gong denne kommunestyreperioden delt ut midlar. Dei fleste av søkjarane som har fått stønad har og fått tildeling tidlegare.

I haust kom det og inn søknad frå elevråda på Lærdalsøyri skule. Uroa over den omfattande bruken av eingongstallerkenar og bestikk på skulekjøkkenet og Storstova, ønskjer dei å kjøpa inn tallerkenar, bestikk og ei institusjonsoppvaskmaskin. Elevråda vil slik eliminere dei store mengdene plast og pappavfall ein har slite med og såleis oppnå ei mykje meir miljøvennleg drift av skulekjøkenet og Storstova.
Ei slik investering er i utgangspunktet litt på sida av dei tildelingar me tidligare har gjort, men legatsyret fann at dette er ei så viktig samfunnsoppgåve at me ønskjer å bidra.

Styret for Kaare Mjeldes legat har då vedteke å tildela føljande frå legatet:

1.            Lærdal Musikklag                                                                                           kr 15.000,-

2.            Lærdal Songkor                                                                                              kr 15.000,-

3.            Lærdal Seniordans                                                                                         kr   5.000,-

4.            Lærdal og Aurland LHL                                                                                  kr   5.000,-

5.            Lærdal og Borgund Pensjonistlag                                                                  kr   5.000,-

6.            Elevråda ved Lærdalsøyri skule - institusjonsoppvaskmaskin                        kr 15.000,-

 

Tips en venn Skriv ut