Lærdal kommunale kino

Lærdal kommunale kino ynskjer å gi publikum eit variert filmtilbod med gode og aktuelle filmar. Velkomen til gode, spanande, rørande, tankevekkande, flotte filmopplevingar i Lærdal Kulturhus!

 

Kinologo
Kultur
Kulturhuskino
Kvar?
Lærdal  kommunale kino held til i Lærdal Kulturhus og har til vanleg framsyning kvar helg.
Kinoprogrammet finn du på facebooksida vår, på kommunen sine heimesider, i lokalavisa, skjermane i butikkane og på oppslag i kulturhuset og i plakattavla på rådhuset.
 
Teknisk
I januar 2011 vart våre to trufaste 27 år gamle Tsjekkoslovakiske Meopta kinomaskiner bytta ut med ein Christie CP2220 digital kinoprojektor. Kinoen har topp moderne lydanlegg; Electrovoice og JBL høgtalaranlegg, Dolby surround prosessor og QSC forsterkarar.
 
Sjølve salen har 150 komfortable sitjeplassar.
 
Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i §§ 5 og 6 i filmlova.
 
Aldersgrenser på kino:
 
ALLE , tillate for alle.
 
 7 år, tilgjenge frå fylte 7 år, og frå fylte 4 år i fylgje med føresett.
 
11 år, tilgjenge frå fylte 11 år, og frå fylte 8 år i fylgje med føresett.
 
15 år, tilgjenge frå fylte 15 år, og frå fylte 12 år i fylgje med føresett.
 
18 år, tilgjenge frå fylte 18 år (Absolutt nedre grense).
 
Billettprisar på kino:
 
Vaksne kr. 90,-
 
Born kr. 60,-
 
Ved høve kan det vere eigne prisar for premierar og spesielle framsyningar.
 
Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis.
 
Det er høve til å kjøpe gåvekort til kinoen i servicesentralen på rådhuset.
 
Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino.
 
Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa.
 

 

Kinostyrar

Lærdal kino

  • Tenestestad

    • Lærdal Kulturhus
  • Adresse

    • Lærdal Kommune, postboks 83
  • Postnr/sted

    • 6886 Lærdal
  • Telefon

    • 57 64 12 00 / 905 84 198
  • E-post

Statlig informasjon

Web levert av CustomPublish AS