Lærdal kommunale kino ynskjer å gi publikum ei best mogeleg filmoppleving ved å syna aktuell film i hyggjelege omgjevnader.
Kvar?
Lærdal kommunale kino held til i Lærdal Kulturhus og har til vanleg framsyning kvar helg.
Kinoprogrammet finn du på facebooksida vår, på kommunen sine heimesider, i lokalavisa, skjermane i butikkane og på oppslag i kulturhuset og i plakattavla på rådhuset.
Teknisk
I januar 2011 vart våre to trufaste 27 år gamle Tsjekkoslovakiske Meopta kinomaskiner bytta ut med ein Christie CP2220 digital kinoprojektor. Kinoen har topp moderne lydanlegg; Electrovoice og JBL høgtalaranlegg, Dolby surround prosessor og QSC forsterkarar.
Sjølve salen har 150 komfortable sitjeplassar.
Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i §§ 5 og 6 i filmlova.
Aldersgrense på kino
ALLE , tillate for alle.
7 år, tilgjenge frå fylte 7 år, og frå fylte 4 år i fylgje med føresett
11 år, tilgjenge frå fylte 11 år, og frå fylte 8 år i fylgje med føresett
15 år, tilgjenge frå fylte 15 år, og frå fylte 12 år i fylgje med føresett
18 år, tilgjenge frå fylte 18 år (Absolutt nedre grense)
Billettprisar på kino
Minsteprisar:
Vaksne kr. 80
Born kr. 50
Eigne prisar for premierer og spesielle framsyningar
Etter kl. 19.00 må alle betale vaksenpris
Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis
Det er høve til å kjøpe gåvekort til kinoen i servicesentralen på rådhuset.
Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino
Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa.
Kontaktinformasjon
Besøksadresse:
Lærdal kulturhus
6887 LÆRDAL
Postadresse:
Lærdal kommunale kino
Postboks 83
6886 LÆRDAL
Kinoansvarleg: Øyvind Hamre
Telefon: 905 84 198
E-post: oyvind.hamre@lardalsnett.no