Kino
Kven får tenesta
Filmane er delt i alderskategoriar: ALLE, tillate for alle. 7 år, tilgjenge frå fylte 7 år, og frå fylte 4 år i følgje med føresett. 11 år, tilgjenge frå fylte 11 år, og frå fylte 8 år i følgje med føresett. 15 år, tilgjenge frå fylte 15 år, og frå fylte 12 år i følgje med føresett. 18 år, tilgjenge frå fylte 18 år (absolutt nedre grense). Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino.
Kva omfattar tenesta
Lærdal kommunale kino har til vanleg famsyning kvar søndag i Lærdal kulturhus. Kinoprogrammet vert gjort kjent på kommunen sine heimesider, i lokalavisa og ved oppslag av plakatar.
Kva kan eg forvente
Kinoen har moderne lydanlegg og er planlagt digitalisert i 2011. Salen har 150 komfortable sitteplassar. Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i §§ 5 og 6 i filmlova.
Plikter til brukar
Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa.
Pris
Minsteprisar: Vaksne kr. 80, born kr. 50. Eigne prisar for premierer og spesielle framsyningar. Etter kl. 19.00 må alle betale vaksenpris. Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis. Det er høve til å kjøpe gåvekort til kinoen i servicesentralen på rådhuset.
Kontaktinformasjon
Besøksadresse: Lærdal kulturhus, 6887 LÆRDAL. Postadresse: Lærdal kommunale kino, postboks 83, 6886 LÆRDAL. Tenesteleiar: Astrid Myran Aarvik, telefon: 57 64 12 45, telefax: 57 64 12 01, e-post: astrid.myran.aarvik@laerdal.kommune.no
Publisert: onsdag 8. september 2010, 09:34
Oppdatert: mandag 15. november 2010, 14:11
Skrevet av: Ine Nyseth