Kom og mein noko om korleis Lærdal skal møta framtida!

Lærdal den grøne kommune

Me er langt inne i det grøne skiftet og for ein kommune som i årevis har profilert seg som grøn er det gode nyhende og gir masse moglegheiter.

Men sjølv om Lærdal openbart er svært grøn (på somaren, i alle fall) vil det bli stadig større krav til at det faktisk er innhald i dette utover det reint visuelle.

Difor inviterer Lærdal kommune, Lærdal Næringssamskipnad og Lærdal Næringsutvikling til møte der samfunnsdelen i kommuneplanen og «Grøne Lærdal» skal diskuterast spesielt. Alle kan koma, og det lokale næringslivet er spesielt invitert.

Tid: Onsdag 4. april frå kl. 18.00
Stad: Lærdal kulturhus 
Servering: Kaffi og kaker

Tips en venn Skriv ut