Kulturminneplanen til offentleg ettersyn

Formannskapet vedtok i møte 22.11.2018 å leggja Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø 2018 – 2027  ut til offentleg ettersyn og høyring.  Planutkastet som ligg føre, inneheld informasjon om status for ulike kulturminne, då spesielt dei som kommunen eig og/eller forvaltar.  Planen omfattar og informasjon, formidling, kursing, bruk av heimesider osv og har ein handlingsdel med prioriteringar for kulturavdelinga dei neste åra.  Planframlegget vert liggjande til offentleg ettersyn i perioden 07.12.18. – 18.01.19, og fristen for innspel er sett til 18.01.19.   Merknadar til planframlegget skal sendast til Lærdal kommune v/planavdelinga, pb. 83, 6886 Lærdal eller til post@laerdal.kommune.no.

Høyringsutkastet kan lesast her (trykk på linken)

Tips en venn Skriv ut