Lærdal kommune sitt kommunevåpen

Kommunevåpen for Lærdal er eit skjold med gull motiv på raud botn. Motivet er henta frå Borgund stavkyrkje og syner to drakehovud.
  • 1

Borgund stavkyrkje vart ført opp om lag år 1150 og er ein del av dei største turistattraksjonane i Lærdal. Grunngjevinga for at ein har valt drakehovud som motiv for Lærdal sitt kommunevåpen, er at dette er eit markert stilelement i den eksteriøre dekor på Borgund stavkyrkje som eit av dei mest verdifulle kulturminne ein har i norsk bygningskunst i gamal tid.

Tips en venn Skriv ut