Kongens fortjenstmedalje til Kåre Hovland

Kongens fortjenestmedalje_1280x853[2]

Kåre Hovland har gjenom mange år arbeidd for å fremje kultur og kulturminne i Lærdal. Kongevegen over Filefjell fekk Europa Nostra-pris i fjor, og fekk i 2014 Vakre vegars pris. Kåre har mykje av æra for dette, i Lærdal kommune er han den som har arbeidd lengst med historiske vegar, og dette har han gjort med stort engasjement og mykje kunnskap, både i arbeidstida og på fritida. Han er no på veg ut av yrkeslivet, men held fram med frivillig innsats, mellom anna i det nystifta Lærdal historielag.

Gardbrukar, lærar, forfattar og kulturvernar Kåre Hovland har gjennom meir enn ein mannsalder hatt ei sentral rolle i dokumentasjon og formidling av Lærdal si historie og kulturhistorie.

Kåre har vore redaktør og hatt hovudansvar for Bygdebok for Lærdal (I-V), og etablerte i den samanheng eit lokalhistorisk arkiv som gjer råmaterialet tilgjengeleg for ettertida. Han har i tillegg gjennom fleire tiår forfatta bøker og levert artiklar til tidsskrift.

Men Kåre har ikkje berre arbeidd ved skrivebordet; han har òg vore initiativ­takar, pådrivar og aktiv i felten i ei rekkje praktiske restaurerings­prosjekt frå ”Vindhellas venner” tidleg på 1970-talet til ”Kongevegen over Filefjell” (2009 – 2016). I dette prosjektet har han hatt ei sentral rolle som kommunens representant, og har mykje av æra for eit vellukka og prisløna resultat.

Det er utruleg kva Kåre Hovland har fått utretta i heimbygda si. Det er nesten ikkje råd å sjå kor kulturvernkonsulenten sluttar og privatentusiasten byrjar i Kåre sitt livslange virke for kunnskapsinnhenting, formidling og restaurering.

Det er gjennom Kåre Hovland at lærdølene kjenner so mykje av sin kulturarv, kulturminne og spor etter generasjonane før oss. Utan hans livslange arbeid for å ta vare på kulturarven ville mykje av den gått tapt, slik den har gjort mange andre stader. På same måte som planter må vatnast og stellast for å leva, må også kulturarven vår pleiast. Kåre har vatna og stelt slik at me i dag har ein stor rikdom å forvalta. 

Kåre har alltid synt stor velvilje til å hjelpa folk som er på jakt etter opphavet sitt i Lærdal eller ynskjer hjelp med historiske opplysningar. Han stiller opp som kjentmann og lokalhistorikar for media, både i og utanfor arbeidstida. Kåre har bidrege både med kvalitetssikra kunnskap og praktiske oppgåver i lokale og regionale kulturhistoriske prosjekt.

Kåre er kjent for å løysa utfordringar med entusiasme og kreativitet. Han stiller gjerne opp i ein historisk uniform eller tilbyr kongevegvandrarar å overnatta i selet sitt. Men Kåre er ein samarbeidets mann som aldri har hatt fokus på sin eigen  person; han har alltid framheva saka eller prosjektet.

Kåre møter førespurnader frå leg og lærd med stor velvilje. Han har ikkje vore oppteken av å telja timar i dei mange prosjekta han har vore med i. Lærdølene og kommunen har vore umåteleg heldige som har hatt Kåre!

Teksten er henta frå grunngjevinga i søknaden om kongens fortenstmedalje.

 

Tips en venn Skriv ut