Konsesjon

  •  Arealgrensa for bebygde eigedomar er sett til minst 25 daa fulldyrka og/eller overflatedyrka jord eller eit totalareal over 100 daa.
  • Slektsunntak frå konsesjonsplikt skal òg gjelda for sambuarar
  • Ved avgjersle av konsesjonssøknadar skal det òg leggast særleg vekt på omsynet til ei heilskapleg ressursforvaltning og til kulturlandskapet.
  • Reglane om buplikt både etter odelslova og konsesjonslova er samla i konsesjonslova.
  • Søknadar om konsesjon til handsaming følgjer nye reglar. Søknadar på eigedommar som ikkje lenger er konsesjonspliktige fell bort.
  • Erverv som treng konsesjon (konsesjonspliktig erverv) kan ikkje tinglysast med mindre (utan at) det er gjeve konsesjon, eller gjort uttak frå konsesjonsplikta.
  • Gjenlevande ektefelle som overtek eigedommen etter ein avdød ektefelle i form av uskifte anses å ha ervervet eigedommen i konsesjonslovens forstand.
  • Konsesjonsplikt oppstår viss eigedommen tidlegare er brukt som heilårsbustad. Det er nok at nokon har vore registrert som busett på eigedomen.
  • Erververen har ein frist på 1 månad til å søkja konsesjon på ervervet. Fristen vert rekna frå avtalen om overdragelsen vart gjort eller ervervaren fekk rådigheit over eigedommen.
  • Når nær slekt eller odelsberettiga overtek konsesjonsfritt etter konsesjonslova har dei ikkje plikt til å flytta til eigedommen før det er gått 1 år frå ervervet.

 

Kontakt oss

LÆRDAL KOMMUNE
Postboks 83, 6886 Lærdal
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Kommunenr. 1422
Opningstider 08:00 - 15:45 (sommartid 08:00 - 15:00)
Tlf: 57641200
Faks: 57641201
Org.nr.: 954 681 890

Web levert av CustomPublish AS