Konsesjon

Arealgrensa for konsesjon for bebygde eigedommar er sett til minst 35 daa fulldyrka/overflatedyrka jord eller eit totalareal på over 100 daa.

Konsesjonsplikt oppstår viss eigedommen tidlegare er brukt som heilårsbustad. Det er nok at nokon har vore registrert som busett på eigedomen.

Erverv som treng konsesjon (konsesjonspliktig erverv) kan ikkje tinglysast med mindre (utan at) det er gjeve konsesjon, eller gjort uttak frå konsesjonsplikta.

Erververen har ein frist på 1 månad til å søkja konsesjon på ervervet. Fristen vert rekna frå avtalen om overdragelsen vart gjort eller ervervaren fekk rådigheit over eigedommen.

Når nær slekt eller odelsberettiga overtek konsesjonsfritt etter konsesjonslova har dei ikkje plikt til å flytta til eigedommen før det er gått 1 år frå ervervet.
Slektsunntak frå konsesjonsplikt skal òg gjelda for sambuarar. Gjenlevande ektefelle som overtek eigedommen etter ein avdød ektefelle i form av uskifte anses å ha ervervet eigedommen i konsesjonslovens forstand.

Ved avgjersle av konsesjonssøknadar skal det leggast særleg vekt på omsynet til ei heilskapleg ressursforvaltning og til kulturlandskapet.

Reglane om buplikt både etter odelslova og konsesjonslova er samla i konsesjonslova.


For meir informasjon;
Landbruksdirektoratet - konsesjon

Tips en venn Skriv ut