Dersom ein skal reise til andre kommunar er du sjølv ansvarleg for å undersøkje forholda i den kommunen du reiser til. Hald deg heime om du blir sjuk, og test deg viss du får symptom. Ver førebudd på å endre planane dersom det vert lokale utbrot der du oppheld deg eller der du skal reise.
Dei nasjonale reglane som gjeld for besøk heime, gjeld og dersom du oppheld deg på hytta. Les meir om dette på Folkehelseinstituttet sine sider. Handle i eigen kommune før avreise eller handle på tidspunkt med lite kundar der du er. Mange kommunar har innført påbod om bruk av munnbind og liknande - set deg inn i reglane som gjeld for den kommunen du reiser til.
Skal du bu på hotell, så hald avstand og følg smittevernreglane. Ver førebudd på at du kan komme i karantene viss det blir utbrot av smitte på hotellet.
Hugs at det er ekstra viktig å følgje smittevernråda når du er på reise, sidan du er i kontakt med fleire miljø enn elles.
Som innbyggar er du sjølv ansvarleg for å oppdatere deg om smitteforholda i den kommunen du skal reise og opphalde deg i, og å ta forholdsreglar som tilrådd/pålagt.
Les også: regjeringen sine nasjonale råd for vinterferien

Me oppmodar alle til å laste ned smittestopp appen på sin mobil.
Les om appen her