Kreftomsorg i Lærdal

Ressurssjukepleiarane er sjukepleiarar med engasjement og særskilt kompetanse innan fagområdet kreft og lindrande behandling. Mange har vidareutdanning i kreftsjukepleie eller lindrande behandling. I tillegg får dei systematisk kompetanseheving gjennom fagsamlingar i nettverket og kan vere til hjelp for pasienten og deira pårørande mellom anna ved å:

  • ha tid til å lytte
  • vera eit bindeledd mellom pasient/pårørande og hjelpeapparat/helsevesen
  • vera ein støttespelar gjennom eit heilt sjukdomsforløp, både ved kurativ og palliativ behandling
  •  informere om tilgjengelege tilbod
  • gje råd og informasjon om tilrettelegging av hjelp i heimen
  • gje hjelp til lindring av smerter og andre plager
Det er viktig at pasientar og pårørande veit om at det fins ressurspersonar i alle kommunar og sjukehus i Sogn og Fjordane. Når alvorleg sjukdom rammar, møter ein fleire utfordringar både i forhold til sjukdom, behandling, økonomi, familie og det praktiske i kvardagen. Pasientane og familiane mottek ofte tenester frå ei rekkje ulike instansar, og det er behov for tverrfagleg samarbeid. Mange pasientar seier ja til å ha kontakt med ressurssjukepleiar som kan vera  til støtte og hjelp for dei med nyoppdaga kreft og i alle faser av sjukdommen. Ressurssjukepleiarane veit også noko om kor ein kan henvende seg for å få hjelp i ulike situasjonar. Samarbeidspartnarar i Lærdal Kommune kan til dømes vera fastlege, fysioterapeut, helsesøster, psykiatrisk sjukepleiar, NAV, sosionom, prestetjenesta og Kreftforeningen.
 
Lærdal kommune har to ressurssjukepleiarar. Pasientar og pårørande kan ta kontakt sjølv om dei ikkje er brukarar av heimetenestene eller treng heimesjukepleie. Ved Lærdal Sjukehus jobbar to ressurssjukepleiarar som har vidareutdanning i lindrande behandling. Ved sjukehuset har ein også kreftsjukepleiar, noko som gjer at ein kan tilby nokre typar cellegiftbehandling og anna kreftbehandling i Lærdal. Dette gjeld pasientar i lokalsjukehuset sitt nedslagsområde. For mange pasientar er det å kunne få behandling i nærområde av stor betydning.  

For meir informasjon

Birgit Starheimsæter
heimesjukepleien:
57 64 13 14

Anne Bøe
Lærdal alders- og sjukeheim:
57 64 13 11

Siv Hege Glorud/ Elin S Hunderi
Lærdal Sjukehus:
57 64 01 50

Kreftpoliklinikken
57 64 01 42

Web levert av CustomPublish AS