Kriseleiing

Lærdal kommune si kriseleiing består av leiargruppa, samt ordførar og loggførar.

Kommunen kan bli råka av katastrofar, ulukker eller påkjenningar utover normalsituasjonen. Slike hendingar kan setje liv, helse, miljø og matrielle verdiar i fare. Ved å førebu seg på å handtere slike hendingar, kan kommunen redusere konsekvensane betydeleg. Lærdal kommune har beredskapsplan som skal vera eit hjelpemiddel for å kunne reagere rasjonellt og effektivt i slike situasjonar.
Planen utgjer ei oversikt over kven som utgjer kriseleinga i kommunen, kven som kan vedta at kriseleiinga skal etablerast, fullmakter informasjonsplan, evakueringsplan, ei liste over instansar som disponerar redningsressursar i kommunen, oversikt over organisasjonar i kommunen som kan vere aktuelle å kontakte i ein ulykkes/krisesituasjon og ei telefonliste over kriseleiinga og andre viktige kontaktpersonar.

Tips en venn Skriv ut