Kommunen kan bli råka av katastrofar, ulukker eller påkjenningar utover normalsituasjonen. Slike hendingar kan setje liv, helse, miljø og matrielle verdiar i fare. Ved å førebu seg på å handtere slike hendingar, kan kommunen redusere konsekvensane betydeleg. Lærdal kommune har beredskapsplan som skal vera eit hjelpemiddel for å kunne reagere rasjonellt og effektivt i slike situasjonar.
Planen utgjer ei oversikt over kven som utgjer kriseleinga i kommunen, kven som kan vedta at kriseleiinga skal etablerast, fullmakter informasjonsplan, evakueringsplan, ei liste over instansar som disponerar redningsressursar i kommunen, oversikt over organisasjonar i kommunen som kan vere aktuelle å kontakte i ein ulykkes/krisesituasjon og ei telefonliste over kriseleiinga og andre viktige kontaktpersonar