Lærdal kulturhus

Lærdal Kulturhus, vårbilete

Lærdal kulturhus ligg ved Lærdalselvi 100 meter frå sentrumsgata. Huset inneheld i tillegg til Lærdal kino, Norsk Villakssenter, og Sogn Kunstsenter med eigne ustillingslokalar. I tillegg har huset kafeen ”Laksen”.
Lærdal turistinformasjon plassert i resepsjonen.

 

 

Leige av kultursalen og andre lokale i Lærdal Kulturhus

Dei fleste romma i Kulturhusets er tilgjengeleg for ålmenn bruk. Generelt unntak er innanfor dei ordinære opningstidene til Norsk Villakssenter i sommarsesongen og kinoframsyningane til  Lærdal kino. Kultursalen eller ”storstua” har scene og plass til 150 personar i amfi. Salen har teknisk utstyr innan lyd og lys til små og større arrangement.

Kulturhuset har trådlaust nett til fri bruk for alle besøkande

Tinging av lokale må sendast  skrifteleg. Det må informerast om behov for tenester, som teknisk bistand, resepsjonsteneste , datautstyr eller anna. 

All tinging blir stadfesta skrifteleg.

Har du spørsmål - ta kontakt med servicesentralen i kommunen, tlf. 57 64 12 00.  – Tinging sendast til : kulturhuset@laerdal.kommune.no

Tips en venn Skriv ut