Tenestestad
- Lærdal kulturskule
Adresse
- Øyragata 11, postboks 83 6886 Lærdal
Postnr/sted
- 6887 Lærdal
Telefon
- 57 64 12 52
E-post
Navn pa leiar
- Magne Grøttebø
Kulturskule
Føremål med tenesta
Lærdal kommunale kulturskule er ein stad der unge og vaksne kan utvikle sine kunstnarlege evne. Kulturskulen har flest tilbod innan musikk, men har og tilbod innan dans, drama, teikning/kunst og video/animasjon. Skulen underviser i dag 245 disiplinar i veka, fordelt på 180 elevar.
Kven får tenesta
Alle, men dersom det er stor pågang vert barn og unge prioritert.
Korleis få tenesta
Plass vert tildelt etter søknad, og gjeld for eit skuleår. Søknad på elektonisk skjema. Tildelt plass i kulturskulen gjeld fram til den vert sagt opp skriftleg. Kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen.
Kva omfattar tenesta
Grunnopplæring: Dette er eit tilbod innan førebuande musikkopplæring til elevar i 2. og 3. klasse. Her vert det vektlagt opplevinga av musikk gjennom song, dans, rytme og musikkeventyr. Disiplinar: Piano/tangentinstrument, trekkspel, korpsinstrument, gitar/bass, slagverk, song, band, dans, drama, teikning/kunst, video/animasjon. I tillegg har kulturskulen tilbod innan tilrettelagt undervisning/ musikkterapi og musikkbarnehage. Undervisnainga føregår i Kulturbanken, på Lærdalsøyri skule, Ljøsne skule og Berge skule.
Plikter til brukar
Oppseiing av plass må skje innan 15. november for vårsemesteret og 20. juni for haustsemesteret. Oppseiing på elektronisk skjema. Eleven har ikkje høve til å slutte midt i påbyrja semester.
Pris
Grunnopplæring 615,00 kr. Instrumentopplæring 800,00 kr. Instrumentleige 150,00 kr. Ingen familie betalar for meir enn to fulle plassar, maksimalt 1600,00 kr pluss instrumentleige. Det vert sendt rekning for kvart semester.
Heimelsgrunnlag
Opplæringslova og kulturskulehandboka
Kontaktinformasjon
Besøksadresse: Lærdal kulturskule, Kulturbanken, Øyragata 11, 6887 LÆRDAL. Postadresse: Lærdal kulturskule, postboks 83, 6886 LÆRDAL. Kulturskulerektor: Magne Grøttebø. Telefon: 57 64 12 52. Telefax: 57 64 12 01. E-post: Magne.grottebo@laerdal.kommune.no
