Kurs i depresjonsmestring

KID - Kurs i depresjon

Kven er kurset for?
Kurs i mestring av depresjon – KID er utarbeida for personar over 20 år som i periodar kjenner seg nedstemt eller er deprimert (lett- moderat) på ein slik måte at det går utover livskvalitet og funksjonsevne.

Symptoma kan vere:

  • Fråvær av glede
  • Kjensla av å vere verdilaus
  • Lite initiativ
  • Søvn – problem
  • Redusere graden av nedtryktheit/ depresjon
  • Redusere varigheita av depresjon
  • Redusere dei negative kjenslene av depresjon
  • Førebygge nye episodar med depresjon

Praktiske opplysningar:

Kurset går over 8 veker, 1 gong a 2.5 timar per veka. Etter kurset er det oppfølgingsmøter etter ca. ein til to månader.
Det er frå 8 – 10 deltakarar på kvart kurs. Kurset vert leda av godkjent kursledar, Unni- Mette Flæthe og May Britt Martinsen.
Kursboka, « Å mestre depresjon» kostar kr 500,- må betalast kontant fyste dag.

Kurset startar i veke 2, onsdag 09.01.19, kl. 16.00 – 18.30 (med atterhald om nok påmeldte).
Påmeldingsfrist: 9. desember.
Kurset vert halde på Aurland Fjordsenter, 2. etasje.

Ta kontakt med rus og psykisk helse for påmelding:

Fjordsenteret, 2. etasje
Onstadvegen 25
5745 Aurland
Tlf. 959 84 645

Meir informasjon om KID kan du få ved å gå inn på: WWW.psykiskhelse.no

 

 

 

 

 

Tips en venn Skriv ut