Treninga består av enkle øvingar. Den vil bli gjennomført éi gong per veke på dagtid, og
instruktørane vil primært få ansvar for éi gruppe kvar. Aktuelle instruktørar vil få opplæring i form
av eit tredagarskurs, i tillegg til kurs i fyrstehjelp. Instruktørane vil få rettleiing av fysioterapeut og
Frisklivssentralen i Lærdal.
Dersom me får nok frivillige vil det bli treningstilbod i dei ulike grendene i kommunen.
Ta kontakt innan 15. august dersom dette kan vere noko for deg eller du ynskjer meir
informasjon.
Iris Blaaflat, fysioterapeut Lærdal kommune
Tlf: 971 44 867
E-post: iris.blaaflat@laerdal.kommune.no