Lærdal bu og omsorgsheim

LAS sommar.jpg

Mål for pleie og omsorg i Lærdal:

Organisasjonen vår skal legga vekt på å sikre tilgjenge og tryggleik for den enkelte brukar. Den einskilde arbeidstakar skal møta brukar med respekt og empati. Me skal i tillegg vere lyttande til pårørande sin informasjon. Me ynskjer å ha ein organisasjon som gjev brukarane ein god og trygg kvardag. 

Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det totalt 22 plassar, 18 langtids- og 4 korttidsplassar. 

Pleie og omsorg har følgande tilbod:

  • Korttidsopphald
  • Avlastningsopphald
  • Langtidsopphald
  • Nytte- og trivselsopphald
  • Dagopphald
  • Omsorgsbustadar
  • Omsorgsbustadar med heildøgsomsorg.

Søknad og vurdering av søknaden er avgjerande for kva type opphald du får tildelt. Tilbodet ditt skal tilpassast etter behov. Dersom tilstanden din skulle endra seg, vil du få høve til ny søknad og hjelp frå heimesjukepleien til å utforma søknaden.

Kontaktinformasjon til avdelingane og andre:

Gruppe A 47 48 66 74
Skjerma avdeling 47 48 66 78
Gruppe B 47 48 66 91
Sjukepleiar på vakt 47 48 66 67
Fagsjukepleiar 47 48 67 13
Ass.einingsleiar 47 48 66 85
Einingsleiar 90 74 01 02
Aktivitetsstova 48 86 63 97
Kjøkken 47 48 66 38
Omsorgsboligar Einemo 37 40 40 05 61

 

Søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester finn du på heimesida under skjema.

 

Tips en venn Skriv ut