Mål for pleie og omsorg i Lærdal:
Organisasjonen vår skal legga vekt på å sikre tilgjenge og tryggleik for den enkelte brukar. Den einskilde arbeidstakar skal møta brukar med respekt og empati. Me skal i tillegg vere lyttande til pårørande sin informasjon. Me ynskjer å ha ein organisasjon som gjev brukarane ein god og trygg kvardag. Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det totalt 22 plassar, 18 langtids- og 4 korttidsplassar. 

Pleie og omsorg har følgande tilbod:
•Korttidsopphald
•Avlastningsopphald
•Langtidsopphald
•Nytte- og trivselsopphald
•Dagopphald
•Omsorgsbustadar
•Omsorgsbustadar med heildøgsomsorg.

Søknad og vurdering av søknaden er avgjerande for kva type opphald du får tildelt. Tilbodet ditt skal tilpassast etter behov. Dersom tilstanden din skulle endra seg, vil du få høve til ny søknad og hjelp frå heimesjukepleien til å utforma søknaden.

 

Sjølvregistrering ved besøk på Lærdal bu og omsorgsheim
 
Lærdal bu og omsorgsheim har no opna for besøk utan avtale på førehand. 
Men vi lyt framleis ha kontroll over kven som har vore på besøk, for eventuell smittesporing. Dette er i tråd med retningsliner og tilrådingar frå helsedirektoratet. 
Vi ber derfor alle besøkande fylle ut registreringsskjema. Dette finn du ved inngangen. 
 
Framleis gjeld reglar som:
Du kan ikkje kome på besøk dersom du er koronasjuk, har luftvegssymptom eller er i karantene på grunn av kontakt med ein smitta eller reise til utlandet. 
 
Om du har  vore sjuk og blitt testa for covid-19, må du vente med å komme på besøk til du har fått negativt svar på testen og er heilt frisk igjen. 
 
 
Register deg når du kjem til institusjonen.
Besøkande skal utføre handhygiene før og etter besøk. 
Meld frå til personalet når du kjem, og når forlèt institusjonen.
Dersom du kjem frå eit område der det er anbefalt å bruke munnbind i offentleg rom, skal du nytte dette også ved besøk hjå oss. 
Besøk skal føregå på bebuaren sitt rom, eller peisetova.
Besøkande får ikkje opphalde seg i fellesareal.
Besøkande skal halde 1 meters avstand til andre, og  bør ikkje ha fysisk kontakt med den dei besøker. Vi anbefaler dette også etter fullvaksinering hjå begge partar. 
Ingen avgrensing på tid.
Besøkande må gje beskjed til Lærdal bu og omsorgsheim dersom ein vert sjuk i løpet av dei to første døgna etter besøket. 
Det vert ført besøkslogg, for å sikre smittesporing i etterkant. 
 
Det vert gjord tilretteleggingar dersom det føreligg særlege omsyn hjå bebuar eller pårørande. Dette skal då gjerast avtale om på førehand.