E16 mellom Oslo og Bergen går gjennom Lærdal – her koplar også Rv 7 frå Hønefoss, gjennom Hallingdal og over Hemsdalsfjellet seg på E16. Det same gjer Rv 5 til Sogndal og vidare nordvestover i fylket.

Det er dette som gjer Lærdal til eit knutepunkt dei fleste har vore innom, anten som privat reisande eller i jobbsamanheng. Særskild ligg området Håbakken rett ved Lærdalstunnelen strategisk til. Her er det eit større næringsarael med ledig kapasitet. 

Jordeplerock er ein musikkfestival som blir arrangert i Lærdal sentrum sommarstid – hit kjem nokre av dei største banda i Noreg, og kring 3000 festivaldeltakarar.
Jordeplerock er ein musikkfestival som blir arrangert i Lærdal sentrum sommarstid – hit kjem nokre av dei største banda i Noreg, og kring 3000 festivaldeltakarar.

Kva har Lærdal å by på?

Kommunen har kring 2150 innbyggjarar, består av ein majestetisk natur med høge fjell, rike naturressursar og svært mykje kulturhistorie. Vidare har Lærdal eit innovativt landbruk, tradisjonsrike byggjeverksemder og eit reiseliv i vekst.

Dessutan er det mykje liv og røre på kulturfronten; Lærdal er ei arrangementsbygd, har eit rikt monn av lag og organisasjonar og mange og gode idrettsanlegg. Meir om dette kan du lesa mellom anna her: 

Idrett og friluftsliv

Kulturattraksjonar

Lag og organisasjonar

Arrangement (ekstern side)

Starta verksemd i Lærdal?

Ta kontakt med næringsrådgjevar Ingeborg Lysne, epost ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no eller mobil 46 78 23 85.