Lærdal mot mobbing

korleis samhandle betre for gode og trygge oppvekstmiljø i bygda vår?

Barnehagane, skulane og SFO i Lærdal inviterer til temakveld:

Tid: Torsdag 15. august kl. 18.00 – 20.00

Stad: Kulturhuset

Passar for: Foreldre, besteforeldre, personalet i barnehagar, skular og SFO, andre som jobbar med barn i kommunen, lag og organisasjonar og alle andre som er opptatt av barn og unge sitt oppvekstmiljø.

Innhald: Guttorm Helgøy frå «Trygg i Fjell» snakkar om

  • Kva er mobbing, og kva er det sentrale i arbeidet mot mobbing?

  • Korleis kan ulike partar bidra i arbeidet for å få ei mobbefri bygd?

      «It takes a village to raise a child»

 

Tips en venn Skriv ut