Gjennom næringsfondet i Lærdal kommune har LNU gode verkemiddel og ressursar til å realisere dine idear. Les meir om næringsfondet her: Tilskotsordningar, søknadsskjema, dokument
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene til LNU er:
- handsame søknader om tilskot frå næringsfondet
- rådgjeving og rettleiing
- informasjon og kommunikasjon
- koordinering og samhandling
- nettverksbygging
Me er til for deg som ynskjer å utvikle verksemda du har, eller går med ein ide eller draum om å starte ny verksemd eller ny aktivitet. Ingen ide er for liten og ingen er for stor. Me kan også vere ein døropnar inn mot andre aktørar innan næringsutvikling.
Me vil gjerne at du tek kontakt med oss tidleg i prosessen din, slik at me på best mogleg måte kan bidra i å utvikle ideen din
Organisering
Lærdal Næringsutvikling AS er kontaktpunkt for saker som gjeld næringsutvikling i Lærdal kommune. Selskapet er eigd av Lærdal kommune (65.9%) og Lærdal Næringssamskipnad (34.1%). I tillegg til å driva generelt næringsutviklingsarbeid, har selskapet også det operative ansvaret for omstillingsarbeidet i Lærdal.
Styret i Lærdal Næringsutvikling AS:
Yngve Hallen (styreleiar)
Jarle Molde (nestleiar)
Gro Starheimsæter
Knut Opdal
Helene Maristuen
Varamedlemar:
Kåre Mentz Lysne
Anders Voll Eltun
Trine Grøttebø
Nina Øyre
Administrasjon:
Fung. dagleg leiar og arrangementskoordinator: Ole Ramshus Sælthun