Lagar strategi for folk og natur

Nærøyfjorden verneområdestyre har i lengre tid jobba med ein besøksstrategi som no blir sendt ut på høyring.

Styreleiar Noralv Distad seier at besøksstrategien omhandlar verneområda i Nærøyfjordområdet med innfallsportar, og skal søke å oppnå ein god balanse mellom å ta vare på naturverdiane, gje gode opplevingar for besøkjande og legge til rette for lokal verdiskaping.

  • Området har eineståande kvalitetar, dei skal vi verne  om og  forvalte til glede og nytte for fastbuande og dei mange besøkande. Styret vonar på stort engasjement i  høyringsfasen, seier Distad.

I strategien blir det mellom anna sett på korleis ein kan styre ferdsel på fjorden slik at både reisande og innbyggjarar får gode opplevingar. Det blir vurdert i kva grad ein skal ha tilrettelagte ilandstigningsplassar for padlarar langs fjorden, og kva stiar og turmål som skal tilretteleggast for besøk, og kva område som bør haldast urørte.

  • Vi ser ei stor auke i folk som ynskjer å oppleve naturen rundt Nærøyfjorden, men det er ikkje alle område som toler større belastning. Då er det viktig å prøve å styre ferdsel til utvalde og godt tilrettelagte område, seier verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad.

I strategien blir mellom anna Brekkefossen, Bakkanosi og Rimstigen peikt på som populære turmål som kan trenge større grad av tilrettelegging, medan Undredalshalvøya, Bleia – Storebotnen og Grånosmyrane er lagt fram som områder der ein bør unngå ny tilrettelegging.

  • Dette er foreløpig eit framlegg, understrekar Vallestad. Sit du på kunnskap som burde vore med i planen? Eller har du

Besøksstrategien er å finne på nettsidene til Nærøyfjorden verneområdestyre og blir lagt ut til gjennomsyn på kommunehuset i Aurland, Lærdal, Vik og Voss.

For meir info kontakt:  Styreleiar Noralv Distad tlf: 91374976 eller verneområdeforvaltar Jorunn Vallestad tlf: 97567934

Besøksstrategi - høyring

 

Tips en venn Skriv ut