Lærdalsbesøk i Jeriko november 2019

Jeriko

I slutten av november drog ei gruppe på 10 frå mørke Sogn til solfylte Jeriko i Palestina. Fem av deltakarane representerte kommunen og laget Vennskap Jeriko - Lærdal. Lærdal kommune har ein vennskapsavtale med Jeriko, og det har vore årlege turar att og fram sidan avtalen vart inngått i 1998. I tillegg reiste fem personar som vanlege turdeltakarar. Turen gjekk over ei dryg veke, frå laurdag 16. til laurdag 23. november.

Etter å ha landa att i Noreg bokstavleg og mentalt, sit ein att med sterke og gode minne frå turen. Det som sit lengst framme, er møta med menneske. Smil, varme, gjestfridom og inkludering, vi vart alle tatt imot som nære og kjære venner, enten det var på rådhuset eller under enkle tilhøve i private heimar. Heile gruppa vart inviterte i middagar og til og med i bryllup! Det siste var ei spesiell oppleving med mykje dans for damene, og konversasjon på engelsk, arabisk og fingerspråket for mennene. Kommuneleiinga sørgde også svært godt for oss, med eit variert og spennande opplegg, som mellom anna omfatta soloppgang over Daudehavet og vandring i eit spektakulært ørkenlandskap.

Elles er det utruleg mykje spennande historie å oppleve, både i Jeriko, Betlehem og Jerusalem, som gruppa også besøkte.  Jeriko er rekna som verdas eldste by, og her er eldgamle ruinar frå bymurane og anna tidleg historie. Elles finn ein så å seie heile bibelsoga i og rundt desse byane; frå fødselskyrkja i Betlehem, til døypeplassen ved Jordanelva, morbærtreet til Sakkeus og freistingsfjellet i Jeriko. I Jerusalem fekk gruppa oppleve Oljeberget, Getsemane,  Via Dolorosa, Gravkyrkja og Klagemuren.

Om vennskap var hovudføremålet med turen, kom vi naturleg nok også inn på samfunnsspørsmål og den politiske situasjonen. I Betlehem vart vi tatt imot hjå ordføraren og informert om utfordringane der. Byen har høg folkevekst, er omgitt av israelske busetnader, har mykje turistar og om lag 100 vennskapsbyar frå heile verda! I Aust-Jerusalem fekk vi besøke Noregs representasjonskontor til Palestina, tilsvarande ambassade. Der vart vi informerte om korleis dei arbeider med bistand, helse, likestilling og menneskerettar, for å nemne noko. Utanriksministaren er leiar i givarlandsgruppa og vitjar Palestina to gonger i året i samband med givarlandskonferansen. Vi besøkte også to skular i Jeriko og eit kvinnesenter i tettstaden Abu Dis. Stikkord for mottakingane kan vere: Omtanke, grundig planlegging og god informasjon, norske flagg og velkomstplakatar, musikk og dans og mykje god mat!

Den siste kvelden fekk vi oppleve at dugnadsånda ikkje er eit særnorsk fenomen. I Lærdal Park, som ligg i ein fattig bydel i Jeriko, hadde innbyggarane reist bygget «Lardal Hall»! Det skulle vere eit enkelt aktivitetssenter for barn og unge, og vart høgtideleg innvia med vårt besøk. Dugnadslaget sørga også for ein velsmakande og hyggeleg avskjedsmiddag for oss. Det vart gode ord frå begge sider, avskjedsgåver og klump i halsen. Møta med desse og andre menneske vil sitte att frå besøket i Palestina; smila frå skuleungane, stoltheita til ungdomsarbeidaren i flyktningleiren og rektorane på skulane, vennlegheita til kvinnene i Abu Dis, omtanken frå dei tilsette i kommunen eller på hotellet i Jeriko. Her finst eit godt grunnlag for vidare vennskap mellom Lærdal og Jeriko!

Jerico2_800x600.jpg

 

Bilde 1: Varm mottaking på rådhuset i Jeriko! Ordførar Salem Grouf i midten. Ordførar Audun Mo frå Lærdal er den sjette ordføraren frå Lærdal på besøk i vennskapsbyen.

Bilde 2: Lærdal Hall vert opna! Huset skal vere eit aktivitetssenter for barn og unge, og er bygd på dugnad av folk i bydelen.

 

Tips en venn Skriv ut