Lærdalsøyri barnehage ynskjer å rekruttere vikarar til verdas viktigaste jobb!!

Barnehage

Lærdalsøyri barnehage er ein kommunal barnehage. Pr. i dag har me 6 avdelingar og 30 tilsette. Tre småbarnsavdelingar og tre avdelingar for barn 3-6 år. Me har ope frå 06.45-16.30. Arbeidstida er inndelt i tre ulike vakter innafor denne tida.

Me treng vikarar som er fleksible med tanke på å kunne jobbe på fleire avdelingar.

Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn for å kunne ivareta dei best mogleg i høve omsorg, leik og læring, men det er ikkje noko krav. Opplæring vil verte gjeve.

Søkjarar må vere over 18 år og legge fram politiattest før tilsetjing.

Kan du tenkja deg å jobbe saman med oss i eit travelt, men kreativt og lærerikt miljø¸ så send skriftleg søknad til heidi.austrheim@laerdal.kommune.no

Tips en venn Skriv ut