Ledig stilling - sakshandsamar i barnevernet

ER DU VÅR NYE KOLLEGA? Me har ledig to faste stillingar som sakshandsamar i Aurland og Lærdal barnevern.

Kven er du?
- Ein modig vaksen
- Trygg på deg sjølv og eigne verdiar
- Har humor, varme og tolmod
- Interessert i faget og fagutvikling
- Har respekt for alle som du kjem i kontakt med gjennom arbeidet ditt
- Tåler motstand og press
- Er kreativ og løysingsorientert
- God til å uttrykke deg munnleg og skriftleg

Kven er me
- Ei teneste med mange og spennande arbeidsoppgåver
- Opptatt av å utvikle oss fagleg til det beste for brukarane
- Engasjerte og hyggelege kollegaer
- Opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø og gje god kollegastøtte
- Bli betre på å samarbeide med andre tenester
Aurland og Lærdal barnevern er i prosess med å vurdere samarbeid med Årdal. Dette vil bli avgjort i februar 2019.
Per i dag er oppmøtestaden i Aurland, og arbeid i begge kommunar må påreknast.

Kvalifikasjonar
Sosial, barnevern eller andre relevante utdanningar på høgskulenivå, minimum bachelor nivå
Førarkort klasse B
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. 

https://www.aurland.kommune.no/ledig-stilling-sakshandsamar-i-barnevernet.6166716-155908.html

Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Søknadsfrist 09.12.2018

Kontaktperson
Anja Brekke Moldvær, mobil: 90884863, anja.moldvaer@aurland.kommune.no

 

Tips en venn Skriv ut