Kommunelegetenesta i Lærdal består av tre faste legar og vanlegvis ein turnuslege. Dei tre legane har kvar si pasientliste i tillegg til kommunale oppgåver som t.d helsestasjonen eller tilsynslege ved Lærdal bu- og omsorgsheim. 
Når du treng time til lege, vert du sett opp til din fastlege. Dersom du tek kontakt same dag som du treng time på grunn av at noko akutt har oppstått, får du time til den som har legevakt den dagen. 
Du bestiller legetime anten ved å ringe oss eller gå inn på www.besoklegen.no.  Du må også ringe og bestille time til blodprøvetaking, sårstell, fjerning av sting etc. Me ynskjer også at du tek kontakt via telefon eller www.besoklegen.no når du skal fornye reseptane dine, dette for å unngå at fleire enn nødvendig samlast på Helsesenteret samstundes.   
 
  
Korona: 
Dersom du ynskjer å teste deg for korona fordi du har fått nyoppståtte symptom på korona eller du har fått beskjed om at du har vore i nærkontakt med nokon som er smitta, tek du kontakt med oss på telefon. Me informerar deg om oppmøtestad og tidspunkt.
es meir om korona på www.fhi.no sine sider. 
 
Fastlege:
Kven som er din fastlege finn du på www.helsenorge.no si heimeside. Der kan du også bytte fastlege dersom du ynskjer det. Alle personar som i folkeregisteret har status som busett i ein norsk kommune, har rett til fastlege. Personar med D-nummer har ikkje rett til fastlege. Fylgjande grupper med D-nummer har likevel denne retten: 
- Asylsøkjara med D-nummer, og deira familie. 
- NATO-personall med D-nummer, og deira familie.   
 
Nyttige nummer: 
Legevakt: 116117, Sogn interkommunale legevaktsentral på Lærdal sjukehus er døgnbemanna, og tek imot telefonar til legevakta og handterer desse vidare.
 
Nødtelefon: 113
Koronatelefonen: 815 55 015 

Legetenesta sommaren 2021:
Det er ferietid ved Lærdal helsesenter og det vil i perioden juni til august vere redusert legebemanning på grunn av ferieavvikling. Me prioriterar i denne tida øyeblikkelig hjelp og problemstillingar som ikkje kan vente til legen din er tilbake. 

Legar ved legekontoret er:
Fastlege Yasmin Akram
Fastlege Yaser Chaudary
Vikarlege Tariq Malik
Vikarlege Eldar Austvoll  
Reseptar:
Hugs å forny reseptane dine i god tid hjå fastlegen din.  
KORONATESTING: 
Me tek koronatest kvar vekedag kl. 14.00. Alle som ynskjer test må ringe og bestille time. Å ta koronatest er gratis. Dersom du skal på fritidsreise og treng negativ test før du reiser, kostar dette 200,-. Dette er ein PCR test som vert sendt til sjukehuslaboratoriet i Førde og svar ligg som regel føre dagen etter. NB! Det kan førekomme at svar føreligg seinare, dei som tek test for å reise på tur bør vere merksam på dette då de ofte treng test som ikkje er eldre enn 24- eller 72 timar. 
Det vert ikkje utført hurtigtestar med mindre det er snakk om avklaring i smittesporing eller liknande.