Bestill time hjå fastlege

Du kan no bestille legetime og fornye reseptane dine elektronisk ved å gå inn på besoklegen.no. 
Klikk på lenka under, søk fram Lærdal Helsesenter og følg anvisninga. Du kan kun bestille legetime hjå din fastlege. Når det gjeld fornying av reseptar finn du oversikt over dine reseptar på helsenorge.no. 
Legens ledige timar er synleg tre månader fram i tid. Når det gjeld fornyinga av reseptar skriv du inn navnet på legemiddelet, styrke og dose. Du kan kun fornye faste medikament. 
Me har i tillegg ei fane som heiter kontakt resepsjonen der ein kan ha meldingsutveksling med resepsjonen om til dømes betaling, attestar osb. Ver merksam på at innhaldet i meldinga automatisk vert lagra i din journal, det same gjeld svaret tilbake. 

 

Gå inn på www.besoklegen.no

 

Velg Lærdal Helsesenter

 

Tips en venn Skriv ut