Ny lokal forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim i Lærdal kommune

Kommunestyret i Lærdal  har 22 juni 2017 vedteke ein ny lokal forskrift 
om rett til langtidsopphald i sjukeheim i Lærdal kommune. 

 

Stortinget har etter lovendring pålagt alle kommunar å utarbeide lokal forskrift. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 a. 2- ledd. 
Forskrifta inneheld reglar for kva som skal vere grunnlaget for å få tildelt langtidsopphald i sjukeheim i kommunen, kriterier og venteliste (vurderingsliste). 
Formålet med forskrifta er:
a)    å fastsette kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim.
b)    å fastsette kriterier  for å bli satt på vurderingsliste til langtidsopphald.
c)    å  regulere korleis kommunen skal følgje opp pasient eller brukar som står på vurderingslista til langtidsopphald i sjukeheim.

Forskrifta trer i kraft frå 1 juli 2017
Forskrifta er å finne i sin heilheit på kommunen si heimesida og i servicesentralen på Rådhuset i Lærdal.

Les heile forskrifta her

Tips en venn Skriv ut