• Idrettsaktivitetar innandørs ved kommunale bygg stoppar. Utandørs aktivitet kan gjennomførast etter gjeldande retningslinjer for smittevern.
  • Skular og barnehagar held opne så lenge me ikkje har lokal smittespreiing. Ungdomssteget har innført litt fleire restriksjonar frå og med i dag for å redusere kontaktpunkt, og reinhaldet her er forsterka.
  • Ungdomsklubben held stengt fram til 18. januar.
  • Kulturskulen stengter alle tilbod utanom enkelttimar.
  • Biblioteket har vanleg opningstid, men har skjerpa restriksjonar med smittevern, og med maks 5 besøkande i gongen. 
  • Kinoen er open.
  • Rådhuset har ope som vanleg. Møter med sakshandsamar må avtalast på førehand.
  • Lærdal bu- og omsorgsheim oppfordrar pårørande til å avvente besøk fram til 18.januar.  
  • Me syner elles til informasjon frå FHI om nye nasjonale koronatiltak .