Lærdal har til alle tider vore eit knutepunkt mellom sjø og land og mellom aust og vest. Lærdal satsar på eit kulturbasert reiseliv der historieformidling er ein viktig del. Kjende attraksjonar er til dømes Gamle Lærdalsøyri, Norsk Villakssenter, Borgund stavkyrkje og dei gamle vegane.

Lokalhistorisk arkiv

Lokalhistorisk arkiv er lokalisert på Lærdal folkebibliotek og tilgjengeleg i biblioteket si opningstid.


Bygdebøker

- Lærdal bygdebok I Heim og ætt Borgund sokn 1987
- Lærdal bygdebok II Heim og ætt Tønjum sokn Galdane - Bø 1990
- Lærdal bygdebok III Heim og ætt Tønjum og Hauge Sokn Grøto - Hunderi 1994
- Lærdal bygdebok VI Heim og ætt Hauge Sokn Lærdalsøyri - Mjelde - Øye -Stødno 2001
- Lærdal bygdebok V Heim og ætt Hauge Sokn Erdal - Strendene - Vindedal -Frønningen 2005


Bøkene og andre kulturhistoriske hefte kan ein kjøpe ved å kontakte Lærdal kommune på telefon 57 64 12 00.