Du vil blant anna lære meir om kva det vil krevje å vere ein entreprenør og satse på eigne idear, korleis du kjem i gang med å etablere ei verksemd og kvar du bør starte. Kurset er intensivt, men det har fått gode tilbakemeldingar tidlegare.

Neste kurs er i februar, det er mogleg at dette vert fysisk frå start til slutt. Det er også planlagt eit kurs på engelsk før påske. 

Meir informasjon og påmelding finn du her: https://www.driftig.no/kalender/etablerarprogram1-2022 

Om du lurer på å starte verksemd i Lærdal kan det og vere lurt å ta ein prat med næringsrådgjevar Ingeborg Lysne (epost: ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no).

Skulle du ha forslag til kurs eller andre kompetansehevande tiltak som verksemda di saknar kan du også sende dette på epost til næringsrådgjevaren.