Namnet ditt må stå i manntalet dersom du skal kunne røyste ved fylkestingsvalet og kommunestyrevalet 12. september 2011. Alle personar med røysterett vil automatisk bli innført i manntalet.
Manntalet vert laga på bakgrunn av dei opplysningane som er folkeregistrert 30. juni 2011. For at manntalet skal vera korrekt på valdagen, vert det oppdatert kontinuerlig og skrive ut så tett opp til valdagen som mogeleg.
Kunngjering
Dato for når manntalet vert utlagt vert kunngjort. Det ligg då ute til gjennomsyn i rådhuset slik at du som veljar kan sjekke om du står korrekt oppført.
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan uriktig er blitt innført eller utelete frå manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve.
Postadresse til valstyret:
Lærdal valstyre
Pb 83
6886 Lærdal